Eg har som vanleg problem med sømna. I dei siste få dagane har eg stått opp klokka 10, uansett kor trøytt eg er, i eit forsøk på å få normalisert døgnrytmen. Til dette kom morfar med denne kommentaren:
"Det er betre å vakne klokka ti enn å ikkje vakne i det heile tatt."
onsdag 22. april 2009
fredag 20. februar 2009
Bibliotek på sjø og land
Bokbåten kjem til Brosvika laurdag den 28. Februar, klokka 14:00. Meir informasjon kan du finne på www.bokbaten.no

(Bildet er frå då Epos var i Brosvika 23. Februar 2008)
Og biblioteket i Eivindvik har utvida opningstidene sine. No er det ope måndag 17 til 20, tysdag 10 til 13, og torsdag 16 til 20. (I haust- og vinterferien er det berre ope på torsdagane)
Tidlegare var det berre dei fire timane på torsdagskvelden. Problemet med det var at det ikkje var mogleg å komme seg på biblioteket utan bil - bussen tilbake til Brosvika gjekk før biblioteket opna.

laurdag 7. februar 2009
Måneskin over fjorden
Vi har endeleg fått litt snø her i Brosvika.

Ikkje at eg er så begeistra - eg har ikkje likt snø sida barndommen. Men det er pent å sjå på.
Eg søv dårleg om natta (og om dagen), og i dag tidleg vakna eg i halv sju-tida, gjekk ut på kjøkkenet for å ta meg eit glas vatn, og blei overvelda av synet av nesten-fullmånen over fjorden. Eg måtte gå ut på ei lita måneskinstur.

Kameraet mitt er elendig når det er lite ljos.. Eg er ikkje stø nok på handa heller. Eg tok mange foto, men dei fleste vart uklare.

Abonner på:
Innlegg (Atom)