laurdag 7. februar 2009

Måneskin over fjorden

Vi har endeleg fått litt snø her i Brosvika.

DSCN7902

DSCN7909

Ikkje at eg er så begeistra - eg har ikkje likt snø sida barndommen. Men det er pent å sjå på.

Eg søv dårleg om natta (og om dagen), og i dag tidleg vakna eg i halv sju-tida, gjekk ut på kjøkkenet for å ta meg eit glas vatn, og blei overvelda av synet av nesten-fullmånen over fjorden. Eg måtte gå ut på ei lita måneskinstur.

Moonlight on the fjord & the house at night

Moonlight on the Fjord

Kameraet mitt er elendig når det er lite ljos.. Eg er ikkje stø nok på handa heller. Eg tok mange foto, men dei fleste vart uklare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar