torsdag 11. desember 2008

Eit forsøk på ein blogg på Nynorsk

No har eg budd i Brosvika i nesten eit heilt år, og framleis snakkar eg ikkje nynorsk til vanleg. Mangel på trening, sannsynlegvis. Med masse hjelp frå stavekontrollen i FireFox, og kommentarar frå dei med nynorsk som hovudmål, blir det kanskje vestlending av meg etterkvart.

Her oppe i hytta lekk taket framleis når det regnar, som det heldigvis ikkje gjer i dag. Eg prøver å få rydda og vaska litt så eg kan pynte til jul, men det går veldig seint.
Har endeleg fått kverka den musa som har ete av kompost-posane mine.

Routeren var ikkje så daud etter torestormen som eg trudde - nettverkskortet i Matsuri, kabelen, OG den eine porten på routeren var øydelagt, men med nytt nettverkskort og fungerande kabel plugga i port 2, 3 eller 4 fungerer alt heilt fint. Eg må nok lære meg tolmod når det gjelder feilsøking - eg prøvde forskjellege portar på routeren, forskjellege kablar, og å bruke Chiron (laptoppen) i staden for Matsuri, men med tre forskjellege problem vart det vel alltid minst eitt med i likninga. Det var ikkje før eg plugga i den nye routeren at eg fann ut at nettverkskortet i Matsuri var daudt, og at ein av ethernetkablane mine var det òg. Så no har eg ein router i reserve.

Stavekontrollens forslag for "ethernetkablane": kybernetikarane, Hernesutvalet, jernbaneterminalane, Toshibakonsernet, og reseptblankettane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar