(Bildet er frå då Epos var i Brosvika 23. Februar 2008)
Og biblioteket i Eivindvik har utvida opningstidene sine. No er det ope måndag 17 til 20, tysdag 10 til 13, og torsdag 16 til 20. (I haust- og vinterferien er det berre ope på torsdagane)
Tidlegare var det berre dei fire timane på torsdagskvelden. Problemet med det var at det ikkje var mogleg å komme seg på biblioteket utan bil - bussen tilbake til Brosvika gjekk før biblioteket opna.